tirsdag 23. juni 2009

Pakking

Sånn såg det ut på verandaen min i dag. Eg skal flytte frå sørlandet, og starta med pakking her heime i dag. Begynte med å gå gjennom nokre kasser har stått ei stund. Det blei litt mimring då.

2009_06230011

Fann ut at det var på tide å slanke permane frå studiet; og pedagogikkbøkene havnar også andre stader no.

Og sjå kva eg fann: Klistremerkesamlinga mi. Frå den gong det ikkje var så mange klistremerker i omløp. I alle fall ikkje der eg budde. Og vi gjekk ikkje og kjøpte dei akkurat. Så her i boksa har vi klistremerker om alt frå traktorar, lyktestolpar, støvsugarar til skomerke og melk…

2009_06230014

Litt historie bak nokre av merka såg eg. Og vi kan kanskje regne dei som antikvitetar no? Dei er frå forrige århundre…

2009_06230013

Sjå berre:

Tyggisklistremerker, m.a. med John Travolta. Det var då Grease kom, og eg fekk aldri med meg heilt kva det var sidan eg ikkje var gammal nok til å sjå den på kino.

Andre kule folk på den tida var visst, Bee Gees, Boney M og Smokie…

Og eit merke frå VM i Oslo i –82.

Og skolesvømmingen som eg ikkje kan hugse at eg var med på…

Og “Varig vern av Alta-Kautokeinovassdraget”… (Vi budde i Karasjok på den tida.)

Nokon som hadde atOmic jeans? Trur eg berre hadde klistremerket…

Kva samla du på? Har du enno ei samling frå fordums dager i ei av kassene dine?

2009_06230019

Eg nyt jonsok-kvelden frå sofakroken og strikkar litt på eit baktus-skjerf. Meir rydding (og kanskje meir mimring) i morgon.

Ha ein fin jonsokkveld :)

-----

I’m moving this summer and have started packing in my flat. Had to go through some old boxes first. Lots af papers and books I don’t need anymore…

And I also came across my old stickers collection. From way back in another century…

Lots of memories there…

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails